Hodelus
Hovudlus er blodsugande parasittar som lever i hovudbotnen. Hovudlus rammar oftast barn som går i barnehage eller på skule.
Dei er grå (gjennomsiktige), brune eller svarte. Har dei nyleg soge blod, kan dei vere raudlege. Lengda på lusa varierer frå 2 mm til 4 mm. Egga er 0,3 x 0,8 mm og er festa godt til hårstråa.
Eit uklekt egg er gulkvitt og gjennomsiktig. Når egget er klekt, er det berre eit papiraktig kvitt skal igjen. Kløe i hovudbotnen er eit vanleg teikn på hovudlus, men ikkje alle opplever dette. Andre teikn på smitte er sår og infeksjonar i hovudbotnen pga. kløe.
Visste du at?
- Lusesmitte har ikkje noko med hygiene å gjere. Lusa trivst godt i reint hår.
- Lus kan ikkje fly eller hoppe.
- Lusesmitte skjer ved at ei lus kryp frå ein person sitt hovud til ein annan person sitt hovud ved nærkontakt.
- Det er lite sannsynleg at lus smittar gjennom hovudplagg, børstar og kammar. For å hindre smitte blir det likevel anbefalt at ein ikkje låner dette av andre.
- Ein bør ta ein grundig lusesjekk dersom personar i omgangskrinsen er smitta.
- Lusesmitte skjer heile året og er ikkje sesongavhengig.
- Ved påvist lus må ein snakke med kvarandre for å avgrense omfanget.
- Berre dei som har fått påvist lus, skal behandlast.
Kva kan du gjere sjølv?
- Lus opptrer no heile året. Det er derfor viktig med regelmessig sjekk då dette er einaste måte å avgrense omfanget på. Ein kan sjå hovudlus oftast i nakken bak øyrene og oppover mot issen. Dersom ein har mistanke om lus, bør ein undersøke håret systematisk og nøye ved hjelp av ein fintanna lusekam, forstørringsglas og godt lys.
- Lusekammen kan brukast i både vått og tørt hår. Det er enklast å bruke kammen i vått hår, sidan lusa ikkje beveger seg så lett når håret er vått. Grei håret langsamt i små parti om gongen, og gransk hårstråa nær hovudbotnen nøye. Dersom ein har lus, er det anbefalt å kamme håret ein gong dagleg i 10 dagar, og deretter ein gong i veka i fire veker, for å vere sikker på at all lus og egg er fjerna.
- Ved påvist lus skal det behandlast med lusemiddel. Følg bruksrettleiinga til produktet nøye.
Apoteket anbefaler
Vi anbefaler også bruk av lusekam og forstørringsglas.
Er allmenntilstanden dårleg eller du mistenker alvorleg sjukdom –
ta kontakt med lege. Les pakningsvedlegget nøye ved bruk av legemiddel.